Om Oss

Lang erfaring og brei kompetanse

Lindås Rør & Sanitær AS vart etablert i 1967 av Edith og John Nævdal, dei dreiv bedrifta med lager og kontor i heimen på Tveitegrend i Lindås Kommune.

I 1984 tok bedrifta form som aksjeselskap, og flytta same året inn i nye lokaler med butikk, lager og kontor i Knarvik.

Lindås Rør & Sanitær AS leverer røyrleggjartenester frå Gulen i nord til Bergen i sør. Vi har kompetanse i alle fag; VVS, VA, rehabilitering av bad, varme & energi, sprinkleranlegg, bustader, service og butikk.

Vi er medlem i VVS-kjeden Bademiljø og kan med det levere kvalitetsvarer og –tenester, bl.a. med 10-års tettheitsgaranti på bad. Vi er også medlem i bransjeorganisasjonen REN – Rørentreprenørene Norge.

Vi har levert røyrleggjartenester til kunder i Nordhordland sidan 1967
Vi ser på oss sjølv som ein trygg samarbeidspartnar på både små og store prosjekt